top of page

søn. 05. juni

|

Nes gard

"Torkjell Haugerud i ord og tonar"

Konsert med fokus på Torkjell Haugerud sitt liv og verknad!

Billetter er ikke på salg
Se andre arrangementer
"Torkjell Haugerud i ord og tonar"
"Torkjell Haugerud i ord og tonar"

Tid og sted

05. juni 2022, 13:00 – 15:00

Nes gard , Garvikstrondi, 3840 Seljord, Norge

Om arrangementet

Spelemannen Torkjell Haugerud frå Bø gifta seg i 1903 med Bergit Sigurdsdotter Nes frå Seljord. Etter nokre år flytta dei til garden Nes langs Garviksstrondi. Med Torkjell Haugerud kom ein av dei fremste spelemennene til Nes som då vari eit av dei viktigaste sentera for hardingfela på 1900-talet. Ein heil generasjon felespelarar var innom her for å lære. I dag er det Torkjell og Bergit sine to borneborn, Torkjell og Kristoffer, som bur på den vakre plassen, og dei opnar heimen sin for ein flott dag med fokus på Torkjell Haugerud sitt liv og verknad.

Søndag 5. juni kl 13 skipar Telemarkfestivalen og Sørnorsk folkemusikksenter til konsert ute på tunet på Nes. Her har det opp igjennom åra vore mange møter i musikk, og denne dagen er det Torgeir Straand, Knut Buen, Ragnhild Rose Knudsen, Torunn Raftevold Rue, Jon Solberg, Anne Gravir Klykken og Bø juniorspelemannslag som spelar opp.

Praktisk info:

Ta med eigen stol om du ønskjer å sitte!

Sal av kaker og kaffi ved Bø juniorspelemannslag.

Parkering ved garden.

Obs! Vérforbehold! Om det vert eit grueleg regnvér denne dagen vert konsert flytta til ein solskinsdag!

Velkomen!

Konserten er eit samarbeid mellom Telemarkfestivalen og Sørnorsk folkemusikksenter.

Billettar i sal via Gullbring kulturhus

Dele dette arrangementet

Eventinfo: Events
bottom of page