top of page
13.jpg

HISTORIKK

Sørnorsk folkemusikksenter vart etablert i 2015 som eit regionalt senter for folkemusikk og –dans. Arbeidet blei formelt starta opp av Telemarkfestivalen i 2010. Bakgrunnen for opprettinga av senteret var ideen om regionale kompetansesenter for rytmisk musikk. Telemark har vore ein del av region sør saman med Agder-fylka. Det rytmiske kompetansenettverket i denne regionen har vore Sørnorsk kompetansenettverk (SKN), der Telemarkfestivalen i Bø tidlegare var aktør i lag med Sørnorsk Jazzsenter (SNJS) i Arendal og Sørnosk kompetansesenter for rytmisk musikk (SØRF) i Kristiansand. I 2015 gjekk Telemarkfestivalen saman med fleire folkemusikkaktørar i distriktet om etableringa av Sørnorsk folkemusikksenter – då for å kunne fundamentere tiltaket breiare. Etter avgjerd i Kulturrådet 2017 har nettverksfunksjonen gått ut, men dei enkelte sentra har like viktige oppgåver som før.


Me har henta inspirasjon frå Sørnorsk Jazzsenter, så vel som frå dei to folkemusikksentra som er etablert i Midt-Noreg og Nord-Noreg. Me ønskjer å sjå heile folkemusikkfeltet i samanheng, fordi me meiner det er ein nær samanheng  mellom rekrutteringsarbeid, musikk og dans som allmenkultur og samversform, talentutvikling, konsertverksemd og profesjonalisering av artistar og arrangørar. Folkemusikken skal ikkje berre vere ein verneverdig kulturarv, men også eit levande og aktuelt kulturuttrykk i vår eiga samtid. I Telemark har me folkemusikkaktivitet på mange nivå og i ulike settingar, men mange stader er det også utfordringar knytt til rekruttering. Tanken er at folkemusikksenteret skal kunne arbeide med alle sider ved folkemusikkfeltet – både det som handlar om dei profesjonelle tiltaka og det som handlar om aktivitetar og opplæring innafor det frivillige musikklivet.


I januar 2020 vart Vestfold og Telemark slått saman til eit fylke. Det er difor naturleg at Sørnorsk folkemusikksenter utvidar ansvarsområdet ved å innlemme gamle Vestfold fylke slik Sørnorsk jazzsenter også har gjort. Dette er kommunisert med den nye fylkeskommunen som alt har løyvd eit rammetilskot til drifta av folkemusikksenteret for 2020 og 2021.


Frå 2017 har også Norsk hardingfelesenter kome med i Sørnorsk folkemusikksenter. Hardingfelesenteret arbeider med utgangspunkt i den sterke hardingfelehistoria i Bø, og legg ved sida av konsertverksemd også sterk vekt på felemakartradisjonane, med seminar og publikasjonar om dette temaet, og kontakt med tilsvarande miljø andre stader i landet og i utlandet.


Bø museum har vore medlem i folkemusikksenteret sidan 2018. Bø museum driv med både utstillingar og dokumentasjonsarbeid knytt til den rike kulturarva i Midt-Telemark. Museet har eit stort fokus på folkemusikk og folkedans, og har ei imponerande samling av hardingfeler.

Under paraplyen til Sørnorsk folkemusikksenter finn me no:
Telemarkfestivalen
Telemark kulturnettverk

Telemark folkemusikklag

Folkemusikkarkivet i Telemark

Norsk Hardingfelesenter

Midt-Telemark museum




Historikk: About Us
bottom of page