
UNGFOLK OG FOLKEMUSIKK FORDJUPING
Tilbod til unge utøvarar innan folkemusikk og folkedans i regionen.
UNGFOLK
UngFolk er Telemark Folkemusikklag sitt rekrutteringskurs for born og unge mellom 9 og 17 år. Kurset blir haldt årleg over fem dagar i august fylt med spel, dans og song med hjelp av dyktige instruktørar. UngFolk vert avslutta med ei framsyning på Telemarkfestivalen i Bø som vert arrangert på same tid.
Det blir lagt stor vekt på sosialt samvær og aktivitetar slik at deltakarane kan knytte folkemusikken opp mot eit sosialt nettverk, gjerne på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Årets kurs er på Seljord Folkehøgskule, men avslutningskonserten skjer som vanleg på Telemarksfestivalen i Bø.
Kurset i 2026 finn stad mellom 5. og 8. august.
Klikk her for meir informasjon og påmelding.
FOLKEMUSIKK FORDJUPING
I samarbeid med Midt-Telemark kulturskole koordinerer Sørnorsk folkemusikksenter i dag eit felleskommunalt fordjupingsprogram i folkemusikk; hardingfele, kveding, munnharpe og dans.
Ungdom som er 13 år og eldre kan søke om å få delta på folkemusikk og/eller folkedans fordjuping. Dette gjeld uansett kva for kommune du bor i. Folkemusikk fordjuping har deltakande ungdom frå Midt-Telemark, Tinn, Notodden, Hjartdal, Seljord, Sandefjord og Vinje. Opptakskravet er god motivasjon, stor interesse, samt ein anbefaling frå læremeister.
Tilbodet inneber samlinger - anten på laurdagar eller sundager. 3-4 samlinger per semester og deltaking som artistar på Telemarkfestivalen.
Musikk- og danseundervininga består av undervining i små grupper. Det er ein teoribolk knytt til kvar samling. Det er forskjelligee lærarar innom kvar samling. Det er mogleg å delta på musikkprogrammet, folkedansprogrammet, eller begge deler.


ME TAKKAR!
Desse har støtta UngFolk og Folkemusikk fordjuping!
Sparebankstiftinga DNB
Telemark fylkeskommune
Midt-Telemark kommune
Vaksenopplæringa
FriFond
KOMP

