top of page
Spelemannslaget.jpg

HANDLINGSPLAN OG VEDTEKTAR

Dette skal drive Sørnorsk folkemusikksenter drive med dei neste åra!

Sørnorsk kompetansesenter for folkemusikk og -dans


Visjon:          

Vi skal overlevere til neste generasjon ein folkemusikk- og dansetradisjon som er minst like vital og levande som då vi overtok han.


Handlingsplan:

Gjennomføring av handlingsplanen er avhengig av arbeidsressurs ved senteret. Ei prioritert oppgåve for styret er derfor å skaffe midlar til å tilsette dagleg leiar.


Dokumentasjon

                                              

Mål:

Sikre viktige traderte kulturuttrykk for samtida og framtida som eit viktig grunnlag

for nyskaping og utvikling, med eit spesielt ansvar for hardingfela

  • Dokumentasjon om hardingfela og felemakarverksemda

  • Hardingfela i internasjonal samanheng

  • Dokumentasjon og bevaring av folkemusikk- og dansetradisjonane og sogestoffet knytt til dette

Prioriterte arbeidsoppgåver:

  • Starte arbeidet med å utvikle ei samla digital oversikt over hardingfeler og felemakarar nasjonalt

  • Vidareføre samarbeid med andre område i landet

  • Vidareføre kontakt med hardingfelemiljø i USA og andre relevante instrumentmiljø i utlandet (Cremona)

  • Samle inn materiale om spelemenn, slåttemusikken og sogestoffet, i samarbeid med folkemusikkarkivet

  • Utvikle planar for framtidig formidling og visningsarenaer for innsamla materiale omkring hardingfela og tradisjonsmusikken


Opplæring

Mål:

Oppretthalde og styrke ein levande kultur ved å drive aktiv og systematisk opplæring innafor gode sosiale rammer. Bidra til utvikling og fornying med rot i tradisjonane.​

  • Opplæring i dei frivillige laga, organisasjonane

  • Folkemusikken og -dansen i skuleverket

  • Kurs for pedagogisk personale

  • Samarbeid mellom kulturskulen og dei frivillige organisasjonane


​Prioriterte arbeidsoppgåver:

  • Halde fram med og vidareutvikle fordjupingsprogram i folkemusikk og -dans for ungdom

  • Sørge for tilgang på instrument til opplæring

  • Sikre at folkemusikken og -dansen får plass i det offentlege skuleverket

  • Utvikle faglege og sosiale møteplassar for aktørar

  • Utvikle og gjennomføre dialogmøte for alle aktørane på området



Formidling

                                      

Mål:

Halde tradisjonane levande gjennom aktiv utøving og formidling av musikken og dansen. Skape gode konsertopplevingar og bidra til ein leveveg for dei som vil satse profesjonelt på folkemusikken og-dansen.

  • Formidlingsarenaer for barn og unge

  • Utvikling av lokale arrangørar og konsertarenaer

  • Formidling til kveldskonsertmarknaden

  • Folkemusikk og -dans som næring


Prioriterte arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføre minimum to turnear i året med folkemusikarar og dansarar frå området. Med dagleg arbeidsressurs på plass bør omfanget utvidast vesentleg.

  • Utvikle fleire arenaer for formidling av/for unge utøvarar

  • Utvikle eit arrangørnettverk av lokale arrangørar med tilknyting til folkemusikkmiljøa

  • Etablere og drive ein folkemusikarbank (ensemble) i regionen

  • Utvikle regionale musikk- og danseprodusjonar for ein profesjonell marknad

VEDTEKTAR

(revidert oktober 2019)


§ 1      Organisasjonen

Sørnorsk folkemusikksenter er ein partipolitisk uavhengig interesse-, kompetanse- og samarbeidsorganisasjon for folkemusikk og -dans i  Vestfold og Telemark og Agder. Organisasjonen er stifta i 2015 og har kontoradresse Bø i Telemark.


§ 2      Formål og oppgåver

Sørnorsk folkemusikksenter skal arbeide for å leggje forholda til rette for dei som driv med folkemusikk og -dans i  Vestfold og Telemark og Agder. Organisasjonen skal spreie kunnskap om feltet, bidra til aktivitet, utvikling og synleggjering og stimulere til samarbeid mellom aktørane.

Sentrale oppgåver for senteret:

  • drive kompetanse- og utviklingsarbeid retta mot artistar og arrangørar

  • yte service og bistand til bransjen og offentlege og frivillige aktørar

  • produsere og distribuere  konsertar innan folkemusikk/folkedans

  • formidle musikartenester

  • etablere og drive ein folkemusikkutøvarbank

  • etablere og drive eit arrangørnettverk i regionen

  • arbeide for rekruttering av unge utøvarar, og talentutvikling

  • stimulere til aktivitet innan folkemusikk og folkedans

  • arbeide med å ivareta instrumentmakartradisjonar


§ 3      Medlemskap

Organisasjonen er open for verksemder innafor folkemusikk og -dans som har eit regionalt nedslagsfelt, som har adresse i vestfold og Telemark og Agder, og som sluttar seg til formålet til organisasjonen. Aktiviteten kan vere innafor utøving, opplæring eller formidling, og både profesjonelle og frivillige aktørar kan vere medlemer.

Søking om medlemskap skal skje skriftleg, og søknaden blir handsama av styret.


§ 4      Årsmøte

Årsmøtet er det høgaste organet til organisasjonen og skal haldast innan utgangen av april kvart år. Styret kallar inn til årsmøtet med minst ein månads varsel. Framlegg til saker som skal opp på møtet må vere sendt styret seinast to veker før. Fullstendig saksliste må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

Alle som er registrerte som medlemer ein månad før årsmøtet, har stemmerett og kan bli valde til tillitsverv. Kvar medlemsorganisasjon kan stille med to representantar med stemmerett på årsmøtet. Ved avstemming kan ingen av dei frammøtte representere meir enn éin aktør.


Dagsorden for årsmøtet

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

  2. Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivar

  3. Årsmelding

  4. Rekneskap

  5. Innkomne saker

  6. Handlingsprogram

  7. Kontingent

  8. Budsjett

  9. Val av leiar, nestleiar, revisor og andre funksjonar etter behov.


Val skal skje skriftleg når det finst fleire framlegg eller om nokon krev det.


§ 5      Ekstraordinært årsmøte

Det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte dersom styret eller minst ein tredel av medlemene krev det. Det skal kallast inn med minst fire vekers varsel. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame dei sakene som er sett opp i innkallinga til møtet.


§ 6      Styre

Styret er sett saman av ein representant frå kvar medlemsorganisasjon. Medlemsorganisasjonane utnemner sjølv representanten til styret og ein varamedlem. Tilsette i organisasjonen kan ikkje sitje i styret. Styremedlemmene er normalt utnemnde for to år om gongen. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst halve styret er til stades. Ved likt stemmetal har leiaren dobbeltstemme.

Styret skal:

  • leie Sørnorsk folkemusikksenter i perioden mellom årsmøta

  • setje i verk vedtak gjort av årsmøtet

  • tilsetje personale i samsvar med vedtak og behov, og utarbeide stillingsinstruksar

  • opprette utval som styret finn nødvendig

  • representere organisasjonen ved aktuelle høve

  • administrere og føre kontroll med økonomien til organisasjonen


§ 7      Vedtektsendring

Endringar i vedtektene kan berre skje på årsmøte, og det krevst 2/3 stemmefleirtal.


§ 8      Oppløysing

Framlegg til oppløysing av organisasjonen kan berre handsamast på ordinært årsmøte, og vedtak om oppløysing krev 2/3 fleirtal. Blir oppløysing vedteke, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte tre månader seinare. For at oppløysing skal skje, må vedtaket gjentakast her med 2/3 fleirtal. Samanslutting med annan organisasjon blir ikkje rekna som oppløysing.

Ved oppløysing skal årsmøtet disponere midlane i organisasjonen etter formålsparagrafen.

bottom of page