STYRE OG STELL
Sørnorsk folkemusikksenter er organisert som ein paraplyorganisasjon for regionale folkemusikkaktørar i vår region. Deltakarar per i dag er Telemarkfestivalen, Telemark kulturnettverk, Folkemusikkarkivet i Telemark, Telemark folkemusikklag og Norsk hardingfelesenter og Bø museum. Styret er sett saman av ein representant frå kvar av dei seks deltakande verksemdene. Folkemusikksenteret og Norsk hardingfelesenter ønskjer å etablere ein felles administrasjon, der me ser oppgåvene våre i samanheng. Kontorplass vil vere i Bø, samlokalisert med kulturnettverket, folkemusikkarkivet og festivalen.
Sentrale roller og samarbeidspartnarar:
Kjell Stundal, leiar (Midt-Telemark kulturnettverk)
Anne Gravir Klykken (utøvar, Telemark folkemusikklag)
Kristoffer Mosfjeld (Telemarkfestivalen)
Øyvind Strand (Vestfold og elemark kulturnettverk)
Lars Jakob Rudjord (utøvar, Farsund Folk Festival)
Kristoffer Mosfjeld er fungerande dagleg leiar for senteret.

