top of page
blåfolk_mattis.jpg

TURNÈTILBOD

Sørnorsk folkemusikksenter planlegg og set opp to turnéar i året med utøvarar frå regionen som vidare vert presentert for aktuelle arrangørar i Agder, Telemark og Vestfold. Arrangørleddet innanfor folkemusikk i regionen er svært variert, og har svært ulike føresetnader for å arrangere konsertar. Me har levert konsertar til alt frå eit lite grendelag i Fjågesund til sjølvaste Ibsenhuset. Desse turnéane er bra på mange måtar: ein gir oppdrag til utøvarar i regionen, ein skapar aktivitet og me bidreg til å skape og utvikle fleire arrangørar i regionen. Desse turnéane har vore finansiert av tilskotsordningar hos Kulturrådet. 

Er du utøvar i regionen og ønskjer å dra på turnè?

Er du arrangør i regionen og ønskjer å motta tilbod om turnèar?



Turnètilbod: Programs
ungfolk%201_edited.jpg

TIDLEGARE TURNÈAR

PER ANDERS BUEN GARNÅS

Haust 2015

SARA FJÅGESUND OG SIGURD TELNES

Haust 2015

ANNE GRAVIR KLYKKEN OG FRØYDIS GRORUD

Vår 2016

FIVIL

Haust 2016

OTTAR KÅSA OG MATTIS KLEPPEN

Vår 2017

GLIMA

Vår 2018

STY

Vår 2019

RAABYGG

Vår 2019

"SLÅTTAR, SISTE SYTTI ÅR" - PER ANDERS BUEN GARNÅS / OTTAR KÅSA / LARS-INGAR MEYER FJELD

Haust 2019

RAGNHILD FURHOLT TRIO

Vår 2020

INGEBJØRG LOGNVIK REINHOLDT

Haust 2020

"HITTERDAL" - ANNE HYTTA, JOHANNE FLOTTORP OG TUVA FÆRDEN

Haust 2021

"KJEMPE-JO" - LARS JAKOB RUDJORD OG JOHANNE FLOTTORP

Haust 2021

SOGESPEL: "EI KONSERTFORTELJING OM JØRGEN TJØNNSTAUL" - KNUT BUEN OG TORGEIR STRAAND

Haust 2021

MEYER, BUEN OG RØINE: "SONG FRÅ STRUPE OG STRENG"

Haust 2022

INGEBJØRG BØ. OTTAR KÅSA OG EVEN WESTENG: "SKA ME DANSE?"

Haust 2022

Turnètilbod: What We Do

TURNÈTILBOD I 2023

Torhild og Silje.jpg

«SELJESONG»

Silje Hegg og Torhild Ostad

Sørnorsk folkemusikksenter tilbyr konsertprogrammet «Seljesong» med Silje Hegg og Torhild Ostad våren 2023.
 

Vokalist Torhild Ostad og fløytist Silje Hegg har kjend kvarandre i 25 år, og dei har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag, men det har aldri skjedd før dei under Telemarkfestivalen 2021 møttast dei til det som blei ein intim og stemningsfull konsert i Bø gamle kyrje. Ostad og Hegg trivast i dei små rom. I små rom med lukt av tre og tjære? Harde benker og mjuke tonar. Akustisk, reint, direkte og varmande. Det store i det enkle. Det nye i det gamle. Kanskje klarer dei å varme nokre sjeler og opne nokre hjarte? Kven veit? Ostad og Hegg held konsertar for dei små rom, der det solistiske uttrykket står i sentrum. Ei stemme og ei fløyte, akustisk, nært og varmande. Repertoaret spenner frå religiøse folketonar og Torhilds nyskrivne tekster og melodiar, til tradisjonelle visetonar og slåttar på seljefløyte og sjøfløyte.

Silje Hegg:
Fødd i 1976, frå Vinje. Ho har vunne Landskappleiken fleire gonger på seljefløyte. Seinast i 2014, då ho stilte for fyrste gong på 11 år, og vann suverent. Ho starta med tverrfløyte ved Vinje musikkskule alt som jente, og konverterte seinare til folkemusikken og slåttespelet. Ho studerte ved Akademiet på Rauland og vart ein av dei få som verkeleg kan denne kunsten, og fører den aktivt vidare. Silje er utdanna sosialantropolog og arbeider til dagleg utanfor musikken. Men hennar autentiske stil og rytmiske snert gjer ho til ein svært omtykt utøvar og ein viktig representant for seljefløyta, eit instrument som av fleire vert peika på som opphavet til den spesielle tonaliteten i både felespel og kveding. Silje Hegg var også med i «Blåmann Blåmann», eit folkemusikkorkester med Asgaut Bakken, Lars Underdal og Odd Nordstoga som turnerte med stor suksess både i inn- og utland fram til 2004. Under Peer Gynt på Gålå i 2015 og 2016 var ho fløytist i orkesteret, leia av Kjetil Bjerkestrand. 

Torhild Ostad:
Fødd i 1969 og oppvakse i Eidsvåg i Romsdal. Songar, komponist, tekstforfattar, biletkunstnar. Ostad har studert folkemusikk og folkekunst ved høgskolen i Telemark, Rauland, samt SHKS Oslo. Ho debuterte solo i 1996 med det kritikarroste albumet «Blomar i Moll» (KKV, Produsent Sondre Bratland). «Blomar i Moll» var Noregs første acapella-CD. Etter mange års fråvér frå utøving kom utgjevinga «Jeg roper til deg» (Norcd) i 2017 som var eit samarbeid med den prisbelønnna danske meisterpianisten Carsten Dahl. Også dette albumet blei svært godt motteke i pressa og hos publikum.

 

Krav til lokale

Dei ønskjer å spele heilt akustisk i små, intime lokale med sjel og god akustikk. Til dømes små kyrkjer, stoger, museumsbygg etc.


Pris for konserten: 
6 000 kr

Ledige datoar: 
Det er to ledige datoar for turnèen. Ta kontakt om du interessert i å vere vertskap! 

Spørsmål og tinging av konsert:

Sørnorsk folkemusikksenter v/Kristoffer Mosfjeld

48 20 50 66 / post@telemarkfestivalen.no

Velkomen! 

Turnètilbod: Get Involved
bottom of page