top of page
SJUKEHEIMEN-3.jpg

SØRNORSK FOLKEMUSIKKSENTER

Senter for folkemusikk og -dans i Agder, Telemark og Vestfold

Telemark folkemusikksenter vart etablert i 2015 som ein regional samarbeidsorganisasjon for folkemusikk og -dans i Telemark og Agder. Det skal vere eit ressurssenter på folkemusikkfeltet, som skal rette arbeidet både mot den frivillige og den profesjonelle sektoren. Senteret ønsker å bidra til at folkemusikarar og -dansarar kan leve og arbeide i vårt distrikt, men også yte hjelp til frivillige aktørar og arbeide med rekruttering, talentutvikling og variert aktivitet elles. Vidare skal senteret arbeide med dokumentasjon og formidling av felemakartradisjonane i distriktet. Den overordna målsetjinga er å sjå heile folkemusikkfeltet i samanheng og stimulere til aktivitet på alle nivå. 

Vi arbeider med å finansiere ei stilling som dagleg leiar. Inntil det er på plass, er drifta i hovudsak avgrensa til enkelte faste tiltak. Vi formidlar kvart år to konsertturnear i regionen med utøvarar frå vårt distrikt, og vi har, i samarbeid med Bø kulturskule, ansvar for eit fordjupingskurs i folkemusikk og -dans for ungdom.

1. januar 2020 bytta me namn til
Sørnorsk folkemusikksenter! 

Ta kontakt for å høyre meir om kva me kan gjere for deg!



Verksemda til Sørnorsk folkemusikksenter er mogleg gjennom tilskot frå Kulturrådet, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Midt-Telemark kommune, FriFond og KOMP. Me takkar! 

KVA SKAL
SØRNORSK FOLKEMUSIKKSENTER

GJERE?

Spelemannslaget.jpg

HANDLINGSPLAN OG VEDTEKTAR

blåfolk_mattis.jpg

TURNÈTILBOD

ungfolk 3.jpg

UNGFOLK OG FOLKEMUSIKK FORDJUPING

blåfolk3.jpg

UTØVARAR I VÅR REGION

20221220_152420_edited.jpg

NYE SJODAR FOLKEMUSIKKSCENE

SAMARBEIDSPARTNARAR

69148601_10156221093617274_9013257057003

TELEMARKFESTIVALEN

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival som vert arrangert i Bø i Telemark over fire dagar i august.


Festivalen vart arrangert for første gang i 1990 og har vore arrangert hvert år siden. Festivalen har 4000–6500 besøkande kvart år. Festivalen arrangerar også konserter i Bø resten av året.


Telemarkfestivalen har norsk folkemusikk som basis, men har også ein viss andel utenlandske artistar i sitt program. Festivalen har lagt vekt på å både presentere tradisjonell folkemusikk og kombinasjoner av gammalt og nytt gjennom konsertar, sessions og tingingsverk. Det er også en omfattande kurs- og førelesingsverksemd knytta til festivalen.

Festivalen har eit sekretariat beståande av dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld. Øvrig drift er basert på frivillig arbeid. Sittande styreleier er Heidi Elise Klokkehaug.

parade-4.jpg

Arrangement med folkemusikk og folkedans

  • "Torkjell Haugerud i ord og tonar"
    "Torkjell Haugerud i ord og tonar"
    søn. 05. juni
    Nes gard
    05. juni 2022, 13:00 – 15:00
    Nes gard , Garvikstrondi, 3840 Seljord, Norge
    05. juni 2022, 13:00 – 15:00
    Nes gard , Garvikstrondi, 3840 Seljord, Norge
    Konsert med fokus på Torkjell Haugerud sitt liv og verknad!
    Del
68365433_10156214283522274_4065529468737814528_o_edited.jpg

KONTAKT SØRNORSK FOLKEMUSIKKSENTER

Thanks for submitting!

bottom of page