TURNÈTILBOD
Sørnorsk folkemusikksenter planlegg og set opp to turnéar i året med utøvarar frå regionen som vidare vert presentert for aktuelle arrangørar i Agder, Telemark og Vestfold. Arrangørleddet innanfor folkemusikk i regionen er svært variert, og har svært ulike føresetnader for å arrangere konsertar. Me har levert konsertar til alt frå eit lite grendelag i Fjågesund til sjølvaste Ibsenhuset. Desse turnéane er bra på mange måtar: ein gir oppdrag til utøvarar i regionen, ein skapar aktivitet og me bidreg til å skape og utvikle fleire arrangørar i regionen. Desse turnéane har vore finansiert av tilskotsordningar hos Kulturrådet.
Er du ein utøvar i regionen og ønskjer meir info om turnèane våre?
Er du ein arrangør i regionen som ønskjer å motta tilbod om konserter?
GJENNOMFØRTE TURNÈAR
PER ANDERS BUEN GARNÅS
Haust 2015
SARA FJÅGESUND OG SIGURD TELNES
Haust 2015
ANNE GRAVIR KLYKKEN OG FRØYDIS GRORUD
Vår 2016
FIVIL
Haust 2017
OTTAR KÅSA OG MATTIS KLEPPEN
Vår 2018
GLIMA
Haust 2018
STY
Vår 2019
RAABYGG
Vår 2019
BUEN GARNÅS / KÅSA / FJELD
Haust 2019
RAGNHILD FURHOLT TRIO
Vår 2020
INGEBJØRG LOGNVIK REINHOLDT
Haust 2020
TURNÈTILBOD 2021

"HITTERDAL"
Anne Hytta, Johanne Flottorp og Tuva Færden
Sørnorsk folkemusikksenter tilbyr ein konsertproduksjon med Anne Hytta, Johanne Flottorp og Tuva Færden med datoar våren 2021.
Hardingfelespelarane Anne Hytta, Johanne Flottorp og Tuva Færden er tre musikarar som både søker seg innover i tradisjonen og utover mot ny musikk og nye samarbeid. Dei er erfarne solistar med det tradisjonelle hardingfelespelet som fundament, men dei er alle søkande musikarar i diverse samarbeid og konstellasjonar, innanfor eit breitt spekter frå middelaldermusikk, indisk og baluchisk tradisjonsmusikk, til impro, samtid, blues, country og pop.
I lag speler dei gamle slåttar i ny drakt, og saman håpar dei å få slåttane til å skinne som dei perlene de er. Slåttane er alle arrangert for tre stemmer, for tre hardingfelespelarar som er innforstått med tradisjonen, men som også kan forme uventa innfall og innslag i musikken.
Utgangspunktet for trioen er gamle slåttar fra Telemarksbygda Heddal, og i stor grad noteoppskrifter frå Hardingfeleverket (Universitetsforlaget 1958 / 1981), skrive ned i perioden 1920-1944 av Arne Bjørndal og Eivind Groven etter hardingfelespelarane Anund Haugan (1883–1962), Olav Fyrileiv (1875–1975), Torkil Kolbjørnsrud og faren hans, Jon Kolbjørnsrud (1858–1954). Slåttematerialet dei hadde går i stor grad tilbake til kilden Ole O. Kolsrud (1821–1902), spelemann, husmann og skreddar frå Heddal. I 2021 er det 200-årsjubileum for hans fødsel, og då passar det ekstra godt å løfte fram dei egenarta, fine og til dels heilt ukjente slåttane etter han.
I samband med konsertar i 2021 vert det også spelt inn plate med materialet, som vil bli gjeve ut på plateselskapet Ta:lik i april 2021.
Hitterdal er det gamle namnet på
bygda Heddal. Namnet kjem av norrøne Heitrdal, som antakeleg betyr «den heite dalen».
OBS! Denne turnèen er no fullteikna. Informasjon om konsertane kjem snart!
Pris:
6 000 kr inkl. reise
Krav til lokale
Ingen spesielle. Dei spelar gjerne i intime lokale. Arrangør ordnar med lydforsterking om lokalet krev det.
Andre ting:
Arrangør pliktar å gjennomføre konsert i tråd med gjeldande restriksjonar og smittevernreglar knytt til Covid-19.
Tinging eller spørsmål:
Sørnorsk folkemusikksenter v/Kristoffer Mosfjeld
48 20 50 66 / post@sornorskfolkemusikksenter.com
Konsertar:
Onsdag 14. april:
Torsdag 15. april:
Fredag 16. april:
Laurdag 17. april:
Sundag 18. april:
Meir info kjem snart!